Blåmann, blåmann
Forfattar: A. O. Vinje
D A Blåmann, Blåmann, bukken min, A7 D tenk på vesle guten din! D G Bjørnen med sin lodne fell Em A7 D kan deg taka seint i kveld. D A Gamle Lykle, moder di, A7 D seint kom heim med bjølla si. D G Så ikring seg ho mund' sjå Em A7 D liksom der var fare på. D A Det såg ut som der var naud, A7 D kanskje no du ligger daud. D G Tidt du dansa kringom meg, Em A7 D mangt eg rødde då med deg. D A Når eg låg som blind og dauv, A7 D grov du på meg med di klauv; D G ja, du ville vekkja meg Em A7 D opp til leiken din med deg. D A Du var sprek og glad og god, A7 D all mi ros du vel forstod. D G Tidt du veit eg sa til deg: Em A7 D "Han veit meir enn mata seg." D A Blåmann, Blåmann, svar meg no, A7 D mekra med ditt kjende ljod! D G Ikkje enno, Blåmann min, Em A7 D må du døy frå guten din.
Legg att eit svar