Bokstavane

Forfattar: Svein Ellingsen   

Alle bokstavar

er lure som revar

kloke som pavar

og rike som grevar.

Kjem dei i saman

og syng i kor,

lagar bokstavane levande ord,

ord som er ville,

og ord som er snille,

ord som kan more

og ord som kan slå,

ord for dei store

og ord for dei små!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *